Logg inn / Registrer deg

Julekonsert med Ytre Suløen i Sykkylven

8. Desember 2017, 19:00 - 21:00

Sykkylven kyrkje, Kyrkjevegen 24, 6230 Sykkylven


Fredag 8.desember vert det liv i Sykkylven Kyrkje!

Ytre Suløens Jass-ensemble tek for fyrste gong bygda med i sin juleturné, og i kyrkja vert det varme og sprudlande energi!

Ytre Suløen har spelt verda rundt sidan 1973, og held framleis koken. Sykkylven er ein stad bandet har spelt monge gongar opp gjennom åra, men denne gongen vert det med eit nydeleg julerepertoar som ikkje før har blitt spelt der.

Bandet består av bl.a. Einar Aarø som var med å starte bandet i 1973, David Gald som vart med i 1992, og nyare musikarar som vart med fra 2011 og utover. Blandt dei er Sturla Hauge Nilsen, som har spelt fleire år i Sykkylven storband.

Sist men ikkje minst har bandet med seg sjølvaste Tricia Boutté frå New Orleans, som har bosatt seg i Langevåg.

Når tre generasjonar med Suløen, og ein ekte New Orleans-musikar speler opp med gospel og trad.jazz, gjeld det å vere på plass i kyrkja! Det vert julemusikk, og gospel frå bandets ferskaste plate. Som Tricia pleier å seie: "Get some lovely in your earholes!"

Voksen

Stengt


Barn

Stengt