SPØT

Korsen, 6750 Stadlandet
28. August 2021, 20:00 - 22:00
Billetter 200,00 NOK
Billetter 200,00 NOK

SPØT spøtar saman ein konsert med Children of Mars, Bjørn Inge Berge, Maria Vengen, William Mitei og Jon Inge Sigerland.

SPØT er eit band som har oppstått i samband med "Strikket", eit lokalt catwalkshow som du kan oppleve på same stad tidlegare på dag: Stad hotell kl. 17.00. (billettar til "Strikket" seljast separat).

SPØT består av William Mitei på trommer, Bjørn Inge Berge på gitar og vokal, Jonas Larsson på piano og Maria Helgesen og Maria Vengen på vokal.

Musikken som blir framført under “Strikket” er spesiallaga for catwalkshowet, og er komponert av Bjørn Inge Berge med a little help from his SPØT friends.

Her har vi spøta inn ord frå den lokale visa “Ved haandarbeidet”, skriven av Claus Frimann (1781–1822).

Før konserten vert det mogleg å kjøpe seg god mat og drikke på hotellet.

På konserten vil du få høyre kjærleikslåtar frå Children of Mars (Maria Helgesen og Jonas Larsson), viser frå låtskrivar/artist Bjørn Inge Berge, og premiereframføring frå låtskrivar Maria Vengen med Jon Inge Sigerland som pianist og William Mitei på trommer. I tillegg vil det blir framført “oppattespøta” coverlåtar, mellom anna ein norsk versjon av David Bowie sin Wild Is the Wind.

Dette blir ein variert og fin konsert som har noko for ein kvar smak!

Vil du ha flere eventer?

Meld deg på her for å få et samlet event-utvalg på e-post