Logg inn / Registrer deg

PÅ GJENGRODDE STIAR

23. Juli 2017, 19:30 - 20:15

Galleri N.Bergslien, Ostangvegen, 5783 Eidfjord


utøvarar:

Heidi Luosujärvi - akkordion

Inger - Kristine Riber - piano


Denne kvelden vert akkordionen sett i sentrum, og finske Heidi brettar opp armane med sin vedensmeistertittel. I sju år har duoen Riber- Luosujärvi vore aktive på konsertscena, denne kvelden syner dei alle sine virtuose emner. Hald på hatten!

Program: Bach, Lutoslawski, Janáček


Akkordionisten Heidi Luosujärvi er født i Rovaniemi, Finland. Ho har si utdanning frå Sibelius Akademiet i Helsinki, og Folkwang Universitet for Kunst i Essen. Luosujärvi er vinnar av flerie internasjonale konkurransar som solist og som kammermusikar, m.a: "Arraste Hiria" i Spania, JAA-Akkordion konkurransen i Tokyo, "Prix international de l'accordéon Luxembourg", den internasjonale akkordion konkurransen i Klingenthal og "Geatano Zinetti" kammermusikk konkurranse i Italia. Luosujärvi har ein aktiv utøvande karriere i Europa, og har også hatt konsertar i USA, Asia og Midtausten. Ho har vore solist med Thailand Philahrmonic Orchestra, Lapland Kammerorkester, og Kurpfälsiches Kammerorchester Mannheim. Konsertane hennar har vore kringkasta på Japansk radio og tyske radio kanalar WDR3, DLF og SWR. Etter endt studie i 2013 vart Heidi Luosujärvi undervisningsassistent for prof. Mie Miki og junior medlem av Folkwang Universitetet for kunst i Essen, men spesialisering inna kunstnerisk utøving.


Pianisten Inger - Kristine Riber har med sin sjarmerande personlegdom, poetiske lidenskap og teknisk mestring av klaveret har fått stor merksemd internasjonalt. Ho har vorte tildelt fleire prisar og utmerkingar. Riber er ein av våre leiande og engasjerte musikarar i Noreg i dag, og er ein attraktiv utøvande kunstnar med stor fagnad som solist og kammermusikar. Etter avslutta utdanning vart ho tildelt ei utmerking av Norges Forskningsråd og det tyske oljeselskapet RWE-DEAD for å sikra vidare internasjonal kunstnerisk profesjonalisering. Dette leia fram til ei rekkje oppdrag i USA, Tyskland, Italia, Sveits, Storbritannia og Skandinavia. Inger-Kristine Riber er utdanna ved Universitetet i Oslo, Norges Musikkhøgskule og Hochschule für Musik, Theater und Medien Hannover i Tyskland. I tillegg til sine solostudium i klassisk piano og kammermusikk, har Riber også markert seg innan kulturell entreprenørskap. Mykje av arbeidet hennar er farga av ein visjon om å skapa nye arenaer for klassisk musikk, og ho har leia fleire eigeninitierte prosjekt både på nasjonal og internasjonal arena.

Voksen

Stengt


Honnør

Stengt


Barn (0-18)

Stengt


KF-PASS voksen

Stengt


KF-PASS honnør

Stengt