Logg inn / Registrer deg

OPNINGSKONSERT: SKA' ME DANSA?

9. Juli 2017, 19:30 - 21:00

Galleri N.Bergslien, Osetangvegen 6, 5783 Eidfjord


utøvarar:

Giorgia Alessandra Brustia & Inger - Kristine Riber

4- hendig piano

Det vert "tastedans" når Inger-Kristine og hennar italienske duo-partner Georgia Alessandra opnar KulturFjorden sin kammerserie i år. Fengande rytmar med ein god dose temperament, set temperaturen for ein feststemt kveld som rykkjer i dansefoten!

Program: Brahms, Barber, Gershwin, Grieg, Moszkowski, Schubert m.m


The Sun Break, June 4, 2013

"It was nothing short of remarkable how close a meeting of minds there was in style, tempo, phrasing, and dynamics between Riber and Brustia...Their performances of Grieg’s Walzer - Capricen and his Norwegian Dances showed them excellent musicians and collaborators."


Pianisten GIORGIA ALESSANDRA BRUSTIA er ein lydhør kunstner for krava om eit bredt spekter av pianolitteraturen, og vert rost for sin nyskapande og nyanserte klang. Brustia er professor og leiar for klaverseksjonen ved 'Claudio Monteverdi ' Musikkonservatorium i Bolzano–Bozen. Ho er også ein veldig aktiv vegleiar for ei rekkje prestisjetunge musikk organisasjonar. På ' Ferruccio Busoni ' akademi i Fondi leiar ho mellom anna "Martha Argerich Presents Project". Mange av Brustia sine studenter har utmerka seg i nasjonale og internasjonale konkurranser, og ho er eit attraktivt jurymedlem.

Pianisten Inger - Kristine Riber har med sin sjarmerande personlegdom, poetiske lidenskap og teknisk mestring av klaveret har fått stor merksemd internasjonalt. Ho har vorte tildelt fleire prisar og utmerkingar. Riber er ein av våre leiande og engasjerte musikarar i Noreg i dag, og er ein attraktiv utøvande kunstnar med stor fagnad som solist og kammermusikar. Etter avslutta utdanning vart ho tildelt ei utmerking av Norges Forskningsråd og det tyske oljeselskapet RWE-DEAD for å sikra vidare internasjonal kunstnerisk profesjonalisering. Dette leia fram til ei rekkje oppdrag i USA, Tyskland, Italia, Sveits, Storbritannia og Skandinavia. Inger-Kristine Riber er utdanna ved Universitetet i Oslo, Norges Musikkhøgskule og Hochschule für Musik, Theater und Medien Hannover i Tyskland. I tillegg til sine solostudium i klassisk piano og kammermusikk, har Riber også markert seg innan kulturell entreprenørskap. Mykje av arbeidet hennar er farga av ein visjon om å skapa nye arenaer for klassisk musikk, og ho har leia fleire eigeninitierte prosjekt både på nasjonal og internasjonal arena.

Voksen

Stengt


Honnør

Stengt


Barn (0-18)

Stengt


KF-PASS voksen

Stengt


KF-PASS Honnør

Stengt