Linda Eide: Om språk

16. April 2020, 19:30 - 20:30

Salen, Jernbanebrygga 1, 4876 Grimstad

Eller: Sju grunnar til at nordmenn elskar å snakka om språk

Linda Eide har gjort språk til laurdagsunderhalding, i beste sendetid. Så kva er det med språk som fascinerer oss slik? Og kva er det med språk som fascinerer Linda slik?

I dette kåserande foredraget syner ho kor oppfinnsame me menneske er i språket, og kor leikent, inkluderande, medrivande og rørande språket kan brukast. Språk brukt på sitt beste er noko som både bind oss saman og gjer oss frie. På sitt verste er språk framandgjerande, inkjeseiande, missvisande og undertrykkande. Det handlar om kjensle for språket, om ærlegheit i språket og om kjærleik til språket. Og om korleis me alle kan bli betre og klokare språkbrukarar.

Me eig alle språket. Kvar og ein av oss kan når som helst finna opp eit nytt ord.
-Linda Eide

Gratis billettar på leggjast ut her 4. april kl. 10.00.

Billett Kommer snart