Logg inn / Registrer deg

FOR DEI MINSTE

15. Juli 2017, 14:00 - 15:00

Bergsliskorane Kunstnarbustad, Simadalsvegen, 5783 Eidfjord


utøvarar:

Margrete Augdal & Lene Anett Killingmo

SNURR MUSIKKERIET


Kva er det sengemonsteret under sengemonster-senga gjer på om kvelden? Kva skal ein gjere med sure føtter? Kven har stjåle trampolina og trompeten? Kva er ein spradebass? Kva pris vann Grisine Disco-Gris?

Pakk sekken og ta dei minste med til Bergsliskårane denne laurdagen for å finne svaret. Me inviterer borna til å dansa og syngja, og kanskje dikta saman med musikarane. Her vert det musikk og tekstar som leikar med borna sin fantasi.

Hausten2016gavSnurr-Musikkerietutalbumet “Snurrerigang” med Margrete og Lene Anett. Begge har bakgrunn frå jazz og improvisasjons-musikk, dette uttrykket står sentralt også idenne konserten.


Snurr Musikkeriet på spotify

Snurr Musikkeriet på facebook

Vokalisten MARGRETE AUGDAL er oprinneleg frå Tromsø. Ho byrja spele fløyte som sjuåring, og var aktiv i kuturskule, kor og korps. Margrete starta for alvor med song på musikklinja. Etter videregåande gjekk ho på teaterlina på Romerike folkehøgskule, og vidare musikk og teater grunnfag ved NTNU. Margrete song klassisk i nokre år før ho ”konverterte” til rytmisk musikk då ho kom inn på Norges Musikkhøgskole på avdelinga for jazz, pop, rock. Har siden 2005 jobba ved Jessheim vgs på musikklinja der, som lærer i MDD (musikk, dans,drama) bandsamspill, kor og vokalopplæring.

Saxofonisten LENE ANETT KILLINGMO har utdanning frå Norges Musikkhøgskule. Ho er ein aktiv utøvar på jazzklubbar, festivalar og har delteke på fleire plateinnspelingar. Som medlem av Gulkatt produksjonar er Lene både musiker, komponist, skuespelar og dukkespelar.

Voksne

Stengt


Honnør

Stengt


Barn (0-18)

Stengt


KF-PASS voksen

Stengt


KF-PASS Honnør

Stengt