Logg inn / Registrer deg

BLUE

16. Juli 2017, 19:30 - 21:30

Galleri N.Bergslien, Ostangvegen, 5783 Eidfjord


utøvarar:

Margrete Augdal - vokal

Lene Anett Killingmo - blås

Anne Goro T. Haugland - violin

Ragnhild T. Haugland - cello

Inger - Krisitne Riber - piano

Bjørne Møen - Slagverk


Denne kvelden får Eidfjord sitt eige vesle "storband" og kleiser til med låtar frå pop og jazz verda. På programmet står mellom anna Beatles, Joni Mitchell, John Legend, Chicago, samt utdrag frå "Du bekk som sildra" av Haldis Riber


Velkommen!

Vokalisten MARGRETE AUGDAL er oprinneleg frå Tromsø. Ho byrja spele fløyte som sjuåring, og var aktiv i kuturskule, kor og korps. Margrete starta for alvor med song på musikklinja. Etter videregåande gjekk ho på teaterlina på Romerike folkehøgskule, og vidare musikk og teater grunnfag ved NTNU. Margrete song klassisk i nokre år før ho ”konverterte” til rytmisk musikk då ho kom inn på Norges Musikkhøgskole på avdelinga for jazz, pop, rock. Har siden 2005 jobba ved Jessheim vgs på musikklinja der, som lærer i MDD (musikk, dans,drama) bandsamspill, kor og vokalopplæring.

Saxofonisten LENE ANETT KILLINGMO har utdanning frå Norges Musikkhøgskule. Ho er ein aktiv utøvar på jazzklubbar, festivalar og har delteke på fleire plateinnspelingar. Som medlem av Gulkatt produksjonar er Lene både musiker, komponist, skuespelar og dukkespelar.

ANNE GORO T. HAUGLAND er fiolinist og senekunstnerisk poet med bakgrunn i klassisk/samtidsmusikk og samtidsdans. Til hausten er ho aktuell med DKS-turne med produksjonane; Fremmed Fugl, Storm og kaffe, Rasmus og Robin møter kongen.

Komponist, Cellist, Lyddesigner og Musikkprodusent RAGNHILD T. HAUGLAND er utdanna ved NKH og Solent University (UK). Ho arbeidar i hovudsak med musikk og lyd til nye medier, musikkteater, og andre sceniske produksjonar. Haugland har utvikla eit særeige lydbilete der ho leikar med akustiske og elektroniske lydlandskap. Ragnhild vart tildelt diversestipend for nyutdanna kunstnarar i 2014, og har sidan arbeidd som profesjonell komponist.

Slagverkar BJØRNE MØEN er aktivt medlem av Twang Gang, kulturskulerektor i Eidfjord Kulturskule.

Pianisten INGER-KRISTINE RIBER er ein attraktiv utøvande kunstnar med stor fagnad som solist og kammermusikar. Ho har vorte tildelt fleire prisar og utmerkingar, og er ein av våre leiande og engasjerte musikarar i Noreg i dag. Etter avslutta utdanning vart ho tildelt ei utmerking av Norges Forskningsråd og det tyske oljeselskapet RWE-DEAD for å sikra vidare internasjonal kunstnerisk profesjonalisering. Dette leia fram til ei rekkje oppdrag i USA, Tyskland, Italia, Sveits, Storbritannia og Skandinavia. Inger-Kristine Riber er utdanna ved Universitetet i Oslo, Norges Musikkhøgskule og Hochschule für Musik, Theater und Medien Hannover i Tyskland.

Voksen

Stengt


Honnør

Stengt


Barn (0-18)

Stengt


KF-PASS voksen

Stengt


KF-PASS honnør

Stengt