Bjelland og Helle`s "Bingo, lått og løye"

4. April 2020, 20:00 - 5. April 2020, 02:30

#HiSio, Sams senter, 5430 Bremnes

Påsken er i anmarsj og Bjelland & Helle har tatt steget ut i den store verden og byrjar først med Hisio. Denne kvelden kjem duoen til å kjøre 2 rundar med ramsalt femogsytti-bingo. Duoen ynskjer å gjera bingoen litt annleis enn vanleg, og då vert faren stor for at det vert eit overraskelsesmoment for den deltakaren som får “olga69” eller andre talkombinasjonar denne kvelden. 

Etter bingoen vil Bjelland & Helle plukka fram strengeinstrumenta sine og spela yrande og ernergisk live-musikk. Det kan vera verdt å nemna at Bjelland er ein solid gitarist medan Helle har slått seg opp på bassgitar, kanskje akkompagnert av ei tromma av eit slag.

Me trur det vert rett og slett topp stemning, coverlåter og kanskje blir det litt allsang og dans løpet av kvelden også. 

Håpar du vil ta med deg ein kjærast, ein ven, eit familiemedlem, ja kven du vil og dela litt lått og løye saman med oss.

Velkomen!