Bananbåt / Tube / Vasski / Wakeboard
Bananbåt / Tube / Vasski / Wakeboard
Sted
Flere tidsluker
Beskrivelse
Prøv bananbåt, tube, vasski eller wakeboard 🤩
Bananbåten - Billett for 3 personar
Set deg på rekke med vennane dine og hald deg fast – bananbåten tek deg med på ei fartsfylt og morosam oppleving på vatnet. Kjenn vinden suse medan latteren sit laust og vatnet sprutar rundt deg. Perfekt for deg som vil ha fart og moro i sommar!
Vasski - Billett for 1 person
Vasski er ein aktivitet som passar for dei aller fleste – vi er jo tross alt født med ski på beina.
Her susar ein fram og tilbake i kjølvatnet til båten – og dei vidarekomne kan bruke bølgjene til å hoppe og trikse!
Tube - Billett for 1 person
Tube er ein opplevingsrik vassaktivitet der du sit i ein stor, oppblåsbar ring som blir trekt etter båt i høg fart.
Dette er ein aktivitet som passar for ungdom og vaksne som vil ha fart og spenning på vatnet. Latter og smil kjem garantert, enten du likar fart eller berre vil prøve noko nytt.
Wakeboard - Billett for 1 person
Wakeboard er ein vassport der du står på eit brett og blir trekt etter båt i god fart.
Kjenn vinden i håret og pulsen stige når du svingar, hoppar, eller testar nye triks på brettet.
Viktig!
• Aldersgrense: 12 år
• Møt opp 10 minutt før valgt tidspunkt
• Møt opp i billettluka for registrering, på kaia vest for Amfi (Hestenesgata 2, Florø). Se Google Maps
• Kjøpte billettar vert kun refundert ved avlysing frå arrangør si side grunna t.d. uvêr
Arrangør
Den andre sommarhelga i juli går Våt Moro av stabelen i Noregs trivelegaste og vestlegaste by – Florø. Festivalen blei første gong arrangert sommaren 2012 og har sidan den gong vekse i omfang og storleik.
Talet på aktivitetar som tilbys under festivalen har også auka gjennom åra og vi jobbar kontinuerleg med å utvikle konseptet vidare for å få endå fleire til å bli med på moroa i, over og under vatn. Målet til Våt Moro er å bidra til at festivaldeltakarane kan prøve aktivitetar som nyttar dei unike naturressursane som ligg rundt kystbyen vår slik at terskelen for å vere ute i friluft og i det våte element blir senka. Senter for dei fleste aktivitetane er Florø og Florevika. Til aktivitetane på Florevika nyttar vi både lokale og tilreisande aktivitetsinstruktørar som kvar og ein bidrar til at aktivitetane blir gjennomført på ein både sikker og morosam måte.
Viktig har det også vore å ha aktivitetar som passar for alle aldrar, difor arrangerer vi Våt Moro Barnepark for dei aller minste og Ung Ekstrem for målgruppa 12-16 år i tillegg til dei ulike aktivitetane for unge og vaksne over 16 år.
På kveldstid er det duka for morosamheiter og god stemning med «AfterSea» i festivalteltet der vi byr på quiz, band og DJ som saman skapar den perfekte avslutninga på ein dag i det våte element.
Havsportfestivalen Våt Moro er ein dugnadsbasert festival – skapt og driven av lokale eldsjeler som gir av seg sjølv og si fritid for å skape leik, moro og aktivitet i sin eigen heimby. Utan desse frivillige personane ville det ikkje vore mogeleg å arrangere festivalen. Sjå meir informasjon om korleis du også kan vere med som frivillig på nettsida vår!
Lokale
Kaia vest for Amfi, Hestenesgata 2, 6900 Florø
Hjelp - FAQ
-
Jeg har ikke mottatt billetten min på e-post. Hva gjør jeg?
Først bør du sjekke reklame og søppelpost på din e-post. Billettene dine ble sendt som et vedlegg og kan ha blitt sortert som reklame hos noen e-posttjenester. Du kan også finne billettene dine på Billetto-kontoen din, som du har tilgang til i nettleseren eller i Billettos app. Les mer her dersom du trenger hjelp.
-
Jeg vil kansellere billetten min og få refusjon. Hva gjør jeg?
Det er eventarrangøren som kan godkjenne refusjoner, og du bør ta kontakt med eventarrangøren for å diskutere hvilke alternativer som er tilgjengelig for deg. Du kommer i kontakt med arrangøren ved å svare på e-posten med ordrebekreftelsen eller ved å bruke skjemaet "Kontakt arrangøren" på arrangørens profil. Les mer her dersom du trenger hjelp.
-
Jeg har registrert meg på en venteliste. Hva skjer nå?
Hvis flere billetter bli tilgjengelig, får du beskjed (på e-post) sammen med andre som også har registrert seg på listen. Her følger vi prinsippet "førstemann til mølla". For mer informasjon, klikk her.
-
Hvor finner jeg lenkene til netteventer?
Sjekk siden eller e-posten med ordrebekreftelsen din. Vanligvis har arrangøren av eventet inkludert informasjon i ordrebekreftelsen, som sendes på e-post, eller så sender de gjerne en oppfølging på e-post med lenke til netteventet. Det kan også være lurt å lese eventets beskrivelse på Billetto, hvor eventets arrangør beskriver hvordan du deltar på netteventet. For mer informasjon, klikk her.
-
Hva er avbestillingsbeskyttelse, og hvorfor trenger jeg det?
Med avbestillingsbeskyttelse har du rett til å kreve refusjon dersom det skulle oppstå uforventede eller uunngåelige omstendinger som kan komme i veien for din deltakelse på et event. For mer informasjon, klikk her.
Bananbåt / Tube / Vasski / Wakeboard
Fra 300,00 NOK
Er du en arrangør?
Maksimer suksessen for ditt event med Billetto - billettplattformen som hjelper deg med å selge flere billetter, markedsføre, og spare tid.